Kanonløp av Kjell Magnar i Molde
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2018
Kjell Magnar hadde ei sterk plassering frå same løp i 2016. Men i går sprang han meir enn 15 minutt raskare og vart berre slegen av Ivar Lundanes frå Emblem IL, over ein distanse på 19 kilometer med 1400 høgdemeter stigning. Og han slo den tidlegare løyperekorden i løpet!
Herre 21-30 år:
Ivar Lundanes, Emblem IL, 1.46.20
Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 1.48.48
Lars Åkernes Rimereit, Eidsdal IL, 1.52.52
Harald Birkeland Larsen, Noteam, 2.04.55
Stian Leganger, Noteam, 2.05.14
33 fullførande i klassa
Friidrettsleiaren i VIL, Alf Petter Bøe, representerte Rindal IL med flott 3.plass i klasse 51-60 år. Dei beste i denne klassa vart:
Arild Harstad, Noteam, 2.12.47
Enok Voldset, Måndalen IL, 2.21.41
Alf Petter Bøe, Rindal IL, 2.23.35
Øystein Bjørdal, IL Lauparen 2.28.04
Ni fullførande i klassa.
Største klassa var Mosjon med tidtaking. Her leverte Jan Rakottyai ein god prestasjon med tida 2.48.12. med denne tida vart han nummer 76 av heile 253 fullførande. Jan kan trygt starte i aktiv-klassa neste gong – han er god nok til det.
Mest uheldig av våre var Radka Vosicka. Ho var tøff nok å stille i Ultra-utgåva av løpet, på 50 tunge kilometer. Radka var godt i siget og ville truleg kom inn ein stad mellom 6-7 timar. Men diverre tok ho feil løype ein stad, og før ho visste ordet av det var ho komen i mål – men det var etter kring 35 kilometer og ikkje etter 50 slik det skulle vere.
Men vi ser av resultatlistene at arrangøren har late Radka bli ståande som klassevinnar i klasse 31-40 år, truleg sidan ho var åleine i ultra-løpet i denne klassa. Radka brukte 4.49.15 på turen sin i Molde-fjella laurdag 26.mai.
Takk til fire flotte VIL-medlemar - sportslege prestasjonar å vere stolte av!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024