Koldabakken Grand Prix 27.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2018
Velkomen til Koldabakken
Grand Prix, sundag 27.mai.
STAD: Hole
PÅMELDING: Frå 18.30 ved
garasja til Nils Terje Skylstad
START: 19.00 - enkeltstart, 30 sekund mellom kvar
STARTKONTINGENT: Kr 50,-
UNDERLAG: Gras
Løypa er kort. Den er
aldri målt, men neppe meir enn kring 350 meter. Men den stig heile vegen, og er
brattast i midtpartiet. Den som ikkje kjenner på mjølkesyra i dette løpet,
finst neppe.
I 2017 vart Radka Vosicka
beste kvinne, Ole Martin Korsnes beste av mennene. Løyperekordane er det Kjell
Magnar Berli og Andrea Berge Kastellet som sit på.
Løypa vart sett opp og
merka 1.pinsedag. Potensielle deltakarar kan prøvekøyre løypa.
Køyr opp til Hole så langt vegen er asfaltert.
Gå så kring 100 meter innover grusvegen og ta til
høgre og du vi sjå dei raude merkepinnane. Lukke til!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024