Startnummeret frå Konradløpet – eit verdipapir!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2018
Sponsoren vår, Focus
Sport/Sport 1 i Sykkylven gir nemleg 30 prosent på handelen du gjer når du
leverer inn nummeret. Og dette gjeld ut året. Men kanskje er det «fyrst best»,
slike ting kan fort gjort forsvinne i heimen om det skal lagrast lenge.
Og for å vere enno meir
presis. Du får ikkje 30 prosent avslag på EI vare, men på HEILE handelen. EKSEMPEL:
Tar du med startnummeret
til butikken,
og kjøper sju ulike varer til ein samla sum på 15 000 kroner, så får du 30
prosent avslag på heile denne handelen, altså 4500 kroner i avslag.
Vel du derimot å bruke
avslaget ditt på ein einsleg handel på 200 kroner, får du sjølvsagt lov til
det. Men lurt er det ikkje, då vinsten din i så tilfelle blir på lusne 60
kroner. Her bør det i det minste handlast såpass kraftig at ein har inn att
heile startkontingenten ein har betalt. Valet er heilt og fullt ditt eige!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024