«Molde 7 topper» nærmar seg
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2018
«Molde 7 topper» vert
arrangert laurdag 26. mai. Hittil (17.mai) har godt over 500 utøvarar meldt seg
på. To av desse representerer Velledalen IL, nemleg Jan Rakottyai og Radka
Vosicka. Jan har meldt seg på i mosjonsklassa, Radka i den tøffe
ultra-varianten.
Mosjonsløypa Jan skal
gjennom startar tidlegare enn «aktive-klassene» og har tidtaking. Den er 19
kilomter lang med 1400 høgdemeter stigning. Turen vil ta han innom
Tusenårsvarden, Skolmelia, Såta, Frænavarden, Audunshø, Togeheia og Varden - kjende turmål for dei som er lokalkjende. Start og mål er ved Romsdalsmuseet.
Løypa Radka skal i gjennom
i ultra-utgåva kjenner vi ikkje, men det ligg i namnet at den er tøffare.
Elles nemner vi at
o-løpsvinnar under vårsprinten i Velledalen, Audhild Bakken Rognstad, er mellom
deltakarane. Det same er tidlegare MFK-strateg, Daniel Berg Hestad.
Rykta seier at vår eigen
Kjell Magnar Berli er i storform og skal delta, slik at VIL vil ha ein flott
trio i aksjon i Molde den 26.mai.
VIL-Nett ynskjer lukke
til!!
Og vi kjem sjølvsagt
tilbake med resultat frå løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024