Radka klassevinnar i Ålesund halvmaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2018
arkivfoto
Velledalen IL hadde berre
ein utøvar med mellom dei 170 deltakarane i Ålesund i dag. Men Radka Vosicka
ordna «biffen», med siger i klasse 35-39 år på 1. 40. 06
Men raskaste utøvar frå
Sykkylven var unge Arnas Tribusininas i klasse 16-17 år. Flott 2.plass på 1.37.54
for Arnas. Stian Mork,
to gonger KM-
vinnar i langrenn for VIL som tenåring, kom inn ti sekund føre Radka. 1.39.56
heldt til fin 5. plass for Stian i klasse M 35-39.
Så må vi gi ros til to
andre sykkylvskvinner, nemleg Ragnfrid Årnes og Anne-Kari Aamodt. Sistnemnde
kom inn på fine 1.52.49, sterk 4. plass av ti fullførande kvinner i klasse
23-34 år. Ragnfrid Årnes kom på plassen bak Radka, med 1.57.18. Dobbelsiger til
Sykkylven i den klassa altså.
Frode Hoprekstad vart
nummer sju i klasse 50-54 år på 1.44.48. Ei tid å brynt seg mot for Fridtjof F
og Svein N om dei hadde delteke.
Elles noterer vi at den utflytte velledalingen, Jan Helge Myhre, vann
duellen mot sonen og kona. Jan Helge kom inn på 1.56.51, sonen Marcus på
2.29.10 og kona Charlen på 2.31.26
Godt jobba!
Store gratulasjonar til 30-åringen Michael Uhlar (barnevogn-løparen i
påskeKonrad) som vart nummer to i klasse 23-34 med 3.22.02 på heilmaraton. Og
ikkje minst til Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, som gjorde 3.26 på
heilmaraton. Rett og slett kanonbra av ein 51-åring – slike løp gir
framtidsvoner for nokon kvar, skulle vi tru.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024