Gode forhold på trimpostane – bruk dei!

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2018

Arkivfoto
Onsdag er dagen for sirkeltrening i VIL.
 Sist onsdag vart treninga lagt utom-hus med tur til Brunstadsætra, og
ei styrkeøkt der. Trimpost-boka viste at det var tett i toppen. Slik var stoda
mellom topp-3 onsdag 9.mai:

139 turar: Inger Anne
Brunstad

137 turar: Susan R. Osnes

134 turar: Frode Værøy

Trimposten på
Brunstadsætra har alltid vore populær og som regel den nest best besøkte (bak
Bruna trimpost). Alle postar er ikkje i same situasjon. Denne veka kom det og
inn «bekymrings-melding» frå Høgsætra. Der var kampen i toppen endå tettare.
Men skam å melde; sidan bokbytet i oktober 2017, hadde boka berre ni noteringar
godt ut i mai månad. Her burde trimpost-statusen henge i ein syltynn tråd!

Meld inn! Vi set pris på
at stoda frå trimpostane (topp-5) vert meldt inn til nettsida med ujamne
mellomrom. Det er no gjort for Brunstadsætra (topp-3), men vi har 13 andre
postar

E-post: atlehole@online.no – eller på telefon 917
43 761.

PS. Faktisk er 7/12 av
sesongen over, men 5/12 står att, så det er berre å henge i. Og brenn nokon
etter å vinne ein trimpost dette året, så kan HØGSÆTRA PÅ FET eller REGNDALEN
vere gode satsings-objekt.