Suksessen held fram for Pernille og Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2018
arkivfoto
Motbakkeløpet Eikenosa Opp
var arrangert laurdag 5.mai. Av totalt 109 deltakarar, fullførte 15 utøvarar
trimdelen utan tidtaking. Mellom desse Anita Mosby Nakken.
Av 15 kvinner på tid,
viste Pernille Ibsen Lervåg at sigeren i Konradløpet ikkje var tilfeldig. Den
gode forma varer, og Pernille sprang inn til tida 24.27, som var 49 sekund føre
hardaste konkurrent Janne Marit Sulebak frå Ålesund. Til samanlikning så brukte
Pernille 24.43 på same løp i 2017.
På herresida hoppa Kjell
Magnar av Holmenkollstafett-laget for å delta i Eikenosa Opp. Kampen om sigeren
stod mellom Håvard Myklebust og Konradløp-vinnaren. Myklebust avgjorde i sin
favør mot slutten og fekk tida 19.44, med Kjell Magnar som ein god nummer to på
20.00.
Det
var solid margin ned til tredjemann, Per Strøm på 20.42
Andre tider:
25.42: Svein Arne Nakken. Klassevinnar 50-54 år (26.53 i fjor)
28.05: Andreas Mosby Nakken. Nr 4 i klasse 14-15 år dagen før
konfirmasjon
28.10: Geir Ove Bueide, Hundeidvik IL
28.33: Bjørn Arve Brune,
Stranda IL
30.42: Sivert Mosby
Nakken, Velledalen IL – nr. 5 klasse 14-15 år – konfirmant 6.mai
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024