Radka, Radka….kva har du gjort..!!??
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2018
Det skjer store ting på
kvinnefronten i Velledalen IL denne våren. Pernille vann Konradløpet, Christina
har med minimalt treningsgrunnlag sett ny klubbrekord i maraton, Anette er
forfremma til eliteklassa i hinderløp og 9. juni tyder alt på at det kjem eit
stunt med snert i frå vår tsjekkiske utøvar, Radka Vosicka.
Og det er i Geiranger det
skal skje. Påmeldingslista viser at Radka har meldt seg på både i Nibberittet
og Nibbeløpet, det som vert kalla Nibbedobbelen. Det betyr:
Klokka 07.45 den 9.juni
skal Radka sykle frå fjorden i Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba, 1500
meter over havet. Oppturen går på tid. Så skal ho sykle ned att til sentrum
utan tidtaking, og vere klar til å springe same distanse klokka 11.15. Totalt
3000 høgdemeter over ei strekning på 42 kilometer. Eigentleg hadde vi venta at det skulle bli
Kjell Magnar Berli, Per Inge Bjørnestad eller Kjetil Fallingen som vart fyrste
VIL-utøvar til eit slikt «stunt», men no vert det altså Radka Vosicka.
Velledalen IL har meir enn
Radka å gle seg til denne dagen, laurdag 9.juni. Olaf Einar Øien er påmeld i
Nibbeløpet – start nummer 25 av 25 mulege for 75-åringen! Ein fantastisk
prestasjon, han saman med Ragnar Seljeset frå Hornindal, er åleine om å ha
gjort. Ei heil «røys» med sykkylvingar er påmelde i fjordbygda den aktuelle
junilaurdagen, noko vi kjem tilbake til ved eit seinare høve. Men akkurat i år
er det grunn til å tru at Radka og Olaf vil kapre tyngda av merksemda.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024