O-KM mellomdistanse sundag 6.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2018
I fjor vart KM
mellomdistanse arrangert av Emblem IL og Velledalen IL i fellesskap. I heller
dårleg vêr, men totalt utan sure miner frå kring 85 deltakarar. I skrivande
stund – eit drygt døgn før start – viser påmeldinga 41 deltakarar.
Og somme vil kanskje hevde
at det er vårt lag som står for store deler av svikten. Vi mønstra kring 35
utøvarar på heimebane i fjor, mot seks i Veddemarka i Sula kommune i år. Emblem
vil heilt sikkert lose arrangementet trygt i hamn, med deltakar frå klubbane: Emblem,
Halsa, Molde, Velledalen, Bø OL og Søgne og Songdalen OK. Dei to sistnemnde
klubbane kan ikkje ta KM-titlar, då dei ikkje er heimehøyrande i Møre og
Romsdal.
For Velledalen IL er fylgjande løparar påmelde:
Emil Balon
Mateusz Balon
Torild Hole
Tobias Ibsen Lervåg
Mikkel Ibsen Lervåg
Pernille Ibsen Lervåg
På Myrdalen i 2017 sytte
Pernille for at det vart KM-tittel til Velledalen IL. Resultata for 2018-KM vil
de finne på nettsida sundag kveld.
Vi ynskjer hell og lukke i
jakta på utplasserte postar!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024