Friidrettsleiaren takkar for innsatsen i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2018
Det har litt sus over seg
når friidrettsleiaren, Alf Petter Bøe, nemner Slovakia, Oslo og Velledalen i
same andedrag. Men når det gjeld akkurat Konradløpet, er vesle Velledalen
større enn både Oslo og Slovakia. Velledalen er hovudbasen, sjølv om konseptet
kunne vokse seg stort kvar som helst i verda.
Mest av alt vil AP takke
deltakarane. 160 i MiniKonrad og imponerande 334 påmelde til hovudløpet 1.mai
klokka 05.00, presis. Og det er presis fordi karar som Håkon Fedt og Karstein
Jensen fekk opp målseglet, Svein Nakken hadde lyden på stell, Lars Inge og hans
folk delte ut siste startnummera og tok mot fleire påmeldingar, Ove Skylstad
sin tidtakarstab var på plass, Bjørg Frøystad Hole hadde varma opp dei som
ville, og toalettet på Nærbutikken fekk køyrt seg som aldri før. Som ein
konsekvens av alt dette kunne Espen Ulset Lade fyre av startskotet presis
klokka 05.00. Somme forsov seg, til og med karen som overnatta på sletta ved
start. Men funksjonærane var på plass. Rett nok
minimumsbemanning over heile lina, men dei var der. Drikkestasjonen i Holeøyane
er kjærkomen for somme, like eins målseglet til Sport 1 på Brunstad. I
grendahuset venta frukoststaben frå Naturbarnehagen, brødrene Fet med ansvaret
for premiane som gjekk på startnummer, og duoen som delte ut diplom, medaljar
og 10 års premie. Heller ikkje dei som hadde premieutdelinga på scena, køyrde
Konradfilmen eller hadde oppryddinga av grendahuset etter det heile var, over
hadde forsove seg.
-
Men dette er
berre nokre. Mange fleire var med, seier Alf Petter, og tenkjer på dei som
skaffa premiar og mat, gjorde innkjøp, baka kaker og stod for matsal, sytte for
ordna parkering, annonsering, presseomtale, mottak av påmeldingar til
MiniKonrad og merking av løyper.
-
Få for all del
med ei stor takk til Christina som organiserte Slovakia-Konrad. Og like eins
til Hilde og Njål som i regnvêr og pluss tre grader stod for arrangementet i
Frognerparken i Oslo.
STOR TAKK TIL ALLE SOM
BIDROG!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024