Hindersesongen i gang: Lykke til, Anette!

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2018

Nikolai Handle Jensen og
Anette Jokstad har dei to siste åra levert formidable etappar for VIL i
Holmenkollstafetten. I 2018 står ikkje namna deira i lagoppstillinga, men vi
kan love at dei har ikkje gått i opplag.

Nei, årsaka er så enkel at
det dreier seg om stemne-kollisjon. Hinderløp-sesongen har sitt «vårslepp» same
helga som Holmenkollstafetten, noko som betyr at Anette og Nikolai skal i
aksjon i Sverige. I nabolandet i aust er nemleg hinderløp stort. Og då snakar
vi IKKJE om type hinderløp som 3000 meter hinder i friidrett. Nei, det er
springing, klatring, kryping, løfting, bering og mykje meir det dreier seg om.

Som alle skjønar ein
knallhard form for konkurranse. Og i dette selskapet er Anette deltakar i
eliteklassa. Det står det respekt av, og det er alle i VIL stolte av! Vi ynskjer dei to lykke til i Sverige!

NB: Fotoet er frå
Osloavdelinga sin «Kick-off middag». Anette sit ved sida av Hilde og har
Nikolai på andre sida.