Tøffe Christina sprang maraton i Wien
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2018
Christina Holmberg har
gjort lange distansar tidlegare. Ho har teke alle trimpostar på same tur, eit
opplegg som tok eit drygt døgn. Og ho har to gonger sprunge Hornindal Rundt - full distanse på 75 kilometer, opp og ned fleire høge toppar. I tillegg har ho
gjort «stunt» både frå sykkelsetet og på ski. Difor er 42 km på slett underlag
overkomeleg for Christina - når det skulle vere, trur vi. Christina skriv
fylgjande om tildragelsen:
-
Dei fleste brukar
nok ikkje eit maraton som sjølve startskotet for meir trening i kvardagen og
for å setje punktum for ein laber treningsperiode. Rein idioti vil kanskje
nokon meine, men det gjekk heldigvis mykje betre enn frykta!
-
Oppladdinga til
løpet var med andre ord ikkje optimal, og talet på aktive dagar frå september
til februar nådde ikkje ein gong tosifra grunna ein energilaus og utlada kropp.
Men energien kom plutseleg tilbake i starten av mars, og eg bestemte meg ganske
så spontant for å melde meg på maraton i Wien!
-
Med så dårleg
treningsgrunnlag, og ei vêrmelding som lova 27 grader, var sjølvsagt ikkje
forventningane store. Målet var først og fremst berre å fullføre. Løpet gjekk
overraskande bra og sluttida vart 4 timar og 45 minutt, men mest av alt er eg
berre glad for at eg ikkje vart dehydrert og ikkje møtte veggen ein einaste
gong!
-
Eg kosa meg utruleg
nok heile vegen og heldt eit veldig jamt tempo med omtrent heilt lik tid på
kvar kilometer. Trur ikkje eg kunne klart å springe så mykje raskare, men med
det passande tempoet trur eg faktisk eg kunne halde ut ei god stund til.
VIL-Nett gratulerer
Christina med vel overstått maraton-debut, og med ny deltakar-rekord under
Slovakia-Konrad! Kjekt at vi har gode studentar i rekkjene både i inn- og
utland!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024