Konradløpet i Slovakia
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2018
Første
året var vi berre to stykk på startstreken, men så har talet auka jamt og
trutt, først til 10, så 21 og i år vart det jammen ny rekord atter ein gong!
Heile 24 studentar og ein hund klarte på ein eller annan måte å rulle seg ut av
senga og møte opp før klokka slo 05.00! Og ekstra kjekt at det for første gong
var éin til frå Sykkylven som stilte til start. Sykkylvingen Asil Mohmand
studerar også medisin i Slovakia og deltok i følgje Konradløpstatistikken i
hovudløpet i 2011.
Løypa var den same som tidlegare; 4,9 km på ein smal asfaltveg og
i traktorspor mellom jorder. Heldigvis var vêret på vår side i år òg, og klokka
05.25 fylte den store, strålande sola heile himmelen og varma både kropp og
sinn. Etter løpet venta eit breitt utval av både frukt, kjeks, popkorn og
drikke til alle dei fornøgde friskusane.
Christina Linnéa
Holmberg
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024