Konradløpet avdeling Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2018

Det er slett ikkje uvanleg å sjå spreke folk springe rundt i Frognerparken. Likevel fekk to av vaktene i parken seg ei lita overrasking då klokka tikka mot 05.00 tysdag 1.mai. «Kva foregår her?» undra dei seg då dei såg ein gjeng som fikla med startnummer og sikkerheitsnåler under taket på Kafé Vigeland, i ly for regnvêret. «Vi skal springe Konradløpet», svarte eg, og gav dei ein kortversjon av historia til løpet. Vaktene ville ikkje vere med, men vi fekk ein god dose begeistring, heider og ære for å springe løp på eit tidspunkt der stort sett berre russebussane heldt liv i byen.

Og heideren var velfortent, vil eg påstå. 14 morgonfuglar trassa både den varme dyna og regnet, og bidrog til solid deltakarrekord for Osloavdelinga til Konradløpet. Ei sløyfe på dryge to kilometer var målt opp frå før, slik at to rundar i denne sløyfa resulterte i ein passande Konradtrasè. Og farta? Den varierte frå roleg gange, via jogging til full fres gjennom parken. Det var helse i kvar meter, premiert med bollar og kakao ved målgang.

Ei stor takk til alle som stilte opp på løpet. Spesielt stor takk til Roger og Oskar som kom køyrande frå Nittedal, samt dei vennane mine som stilte opp utan å ha noko som helst tilknyting til Velledalen. / Hilde R.T.



 Deltakarliste:

 Silje Marie Kristiansen, Åshild Fandango Kapperud, Ingvild Fonn Asmervik, Yngve Øvregard, Anette Heimli Jokstad, Nikolai Handle Jensen, Njål Torillson Tyssing, Erika Weiberg-Aurdal, Kjetil Wick Sætre, Roger Malvin Hole, Oskar Johan Hole, Pauline Olin Kurseth, Hedda Hjortdal og Hilde Riksheim Tandstad