Frognerparken arena for OsloKonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2018
I år satsar OsloKonrad på
tosifra deltakarartal, med Hilde Riksheim Tandstad og Njål Torillson Tyssing
som primus motorar. Nettsida har fått fylgjande pressemelding: - Hallo! No er det bestemt at Konradløpet
avdeling Oslo 2018 vil gå føre seg i Frognerparken. Oppmøte ved hovudinngangen
til Vigelandsparken (i Kirkeveien) litt før klokka 5. Startnummera er klare,
bollar skal bakast og vi håper på tosifra deltakartal. Kanskje blir det
aerobic-oppvarming også… Tidtaking må folk stå for sjølve med klokkene sine,
dei fleste tek nok dette som ein roleg morgontrim.
Her bør alle heltar av
hovudstaden med band til Sykkylven finstille vekkjarklokka, skifte reimar i
joggeskoa og støtte opp om tiltaket. Talet på deltakarar i Oslo vert offentlegjort
under premieutdelinga i Velledalen.
Lukke til med OsloKonrad 2018!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024