Det 17. Konradløpet vert historisk
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2018
arkivfoto
1.mai 2018 får vi etter
alle solemerke for fyrste gong ei kvinne over 90 år over mål i Konradløpet.
Ikkje uventa er det Kjellaug Ulset som er kandidat til dette meisterstykket
gjennom påmeldinga si. Ho har sjølv aldersrekorden for kvinner, sett i 2017. Då
fullførte Kjellaug i fin stil som 89-åring.
Berre ein gong tidlegare
har vi hatt ein 90-åring over mål i Konradløpet. Den bragda var det Tomas
Tandstad som gjorde – i sitt 92 leveår.
Årets løp KAN elles bli
eit rekordår i talet på deltakarar over 80 år. 29.april klokka 09.00 hadde vi
seks påmelde over 80 år. Det er på line med det beste vi har hatt tidlegare,
men enno kan det kome fleire. Berre for å ha nemnt det; rekorden over 80 år er
på sju deltakarar i same løp.
PS: Funksjonærane må hugse
at alle over 90 år skal ha gratis deltaking!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024