Meldt gode forhold under årets løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2018

VIL har fått fram to
sjølvlærde, men svært så habile, klubbmeteorologar i Per-Gunnar Holmberg og
Kjetil Brunstad. Begge spådde, uavhengig av kvarandre, at det skulle bli gode
forhold under årets Konradløp. Relativt kjøleg, men ikkje nedbør, var deira
konklusjon alt tidleg i mars månad.
28. april sa Meteorologisk
Institutt det same. Rett nok la dei til at prognosane var usikre.
Men arrangøren er godt
nøgd med relativt kjøleg opphaldsvêr. Varmt vert det uansett ikkje klokka 05.00
om morgonen.
Så er du av dei som må ha
sikre vêrrapportar før du tek avgjerda om deltaking, då kan du no gå til
påmelding.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024