Butikk-Henning held ope før Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2018
Nærbutikk-Henning får ein
travel morgon 1.mai. Deltakarar frå Ålesund-sida av fjorden tek ei ferje som
går 03.20. Det betyr dei er på Brunstad
om lag 03.55.
Nærbutikken opnar truleg
kring 04.00 denne morgonen. Men den stengjer etter alle solemerke klokka 04.55,
då butikk-sjefen skal vere på startstreken når skotet smell 05.00
OPE TOALETT. Om toalett-situasjonen
er dette merke seg:
-
Butikken sitt
toalett er ope for alle handlande. Vert pågangen stor må vi ha ei køordning. Men
alle er velkomne innom, seier butikk-sjefen frå Tandstad.
-
Kor mykje må ein
handle for å vere kvalifisert til å få late «vatnet» i Nærbutikken.
-
Det er ikkje
mykje. Ingen treng ottast at toalett-vitjinga vert kostbar.
Kanskje treng nokon roe
nervane sine før start med ein aldri så liten kaffisup, eller kanskje dei må ha
ein for å vakne. Då er kaffimaskina i Nærbutikken mest som ein god ven å rekne.
Etter startskotet er løyst, tek tidtakarane seg ein kaffitår, i år nettopp frå
denne vidunder-maskina.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024