Oddbjørn klassevinnar i Valderløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2018
arkivfoto
Oddbjørn Brunstad var
einaste løpar frå Velledalen/ Team Bøe, av dei kring 50 utøvarane som fullførte
lengste distansen på 8,7 kilometer.
Resultat klasse 55-59 år:
1.
Oddbjørn Brunstad, VIL/Team Bøe 44.59
2.
Finn Farstad, Valder IL, 47.41
3.
Jan Knutsen, Valder IL, 55.35
Framifrå levert av
Oddbjørn, som kan ha potensiale til å kunne få
bere tittelen «Brunstadekspressen 2».
Elles ser vi at Arnas
Tribusininas var påmeld, men starta ikkje, i menn junior. Synd, for her gjekk
han glipp av sigeren då vinnartida ikkje var sterkare enn 43.13.
Også Alf Petter Bøe var
påmeld, men VIL sin friidrettsleiar drog på seg ein liten skade få dagar før
løpet og måtte stå over. Også han gjekk glipp av klassesiger, då vinnartida i
50-54 (40.28) hadde vore som eit lauv i
eit vindkast for Alf Petter.
Stengd tunnel gjorde nok at løpet på Valderøya
samla færre løparar enn vanleg. Få av dei som plar delta i Konradløpet mønstra
på. Men trioen Kari-Anne Tryggestad Ryste, Elise Stette og Are Uran var der - med klassesiger til dei to kvinnene som resultat.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024