Velkomen til løps-fest for dei yngste.
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2018
Dette er mest ikkje til å
tru, men no er det observert løve i Velledalen. Så vidt vi veit for fyrste
gong. Men Konrad Krokodille meiner løva er heilt ufarleg.
-
Den er faktisk
veldig snill. Men eg veit ikkje om løva blir her under MiniKonrad, det er
truleg eit streifdyr, fortel krokodillen.
Uansett løve eller ikkje; her er programmet for
MiniKonrad den 30. april:
17.30: Det vert opna for
påmelding i grendahuskjellaren – startkontingent kr 50,-
18.15: Start årsklasse
2013-2018 – 350 meter – utan tidtaking
18.30: Start årsklasse
2008 – 2012 – 750 meter – utan tidtaking
18.45: Start årsklasse
2003 – 2007 – 750 meter – tidtaking
19.00: Premieutdeling - premie til alle
Det vert sal av
forfriskingar både i kjellarsalen og i kjøkkensalen. Og deltakarar i hovudløpet
1.mai, kan og bør hente startnummeret sitt i grendahuset sin kjøkkensal måndag
30.april i tidsrommet 18.00-20.30.
PS. Gratis deltaking til alle
med Konrad som føre-eller mellomnamn!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024