Konradløpet-18: Endeleg ein Konrad på lista!

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2018

arkivfoto
Langt frå alle veit at den
sprekaste strandaren, vurdert etter alder, bur i Fausadalen. Men det gjer han,
og han lyder namnet Jarle Konrad Fausa. Som betyr at han er kvalifisert til
gratis deltaking i Konradløpet. Alle med Konrad som føre- eller mellomnamn er
det.

Ti dagar før Jarle Konrad
vart 68 år tok han ut denne retten for fyrste gong. Han fekk tida 28.51. Solid
av ein 68-åring på ein distanse over 4,5 kilometer, men han ville meir, og la
seg i trening. Talet på fjellturar vart auka, intensiteten like så og det vart
handla inn tredemølle. Mannen fekk betalt. I 2009 vart tida 25.47.
Formidabel framgang på tre minutt og fire sekund. Som 70-åring gjorde han
23.44, nok ein gong personleg rekord med over to minutt

Resten av Jarle Konrad
sitt «virke» i Konradløpet kan ikkje kallast anna enn ei solskins-historie. Han
har ikkje skofta eit einaste løp. 1.mai 2018 er han på plass for ellevte gong.
Bestetida sette han som 76-åring i 2016. Den lyder på 22.44 – aldersrekord for
deltakarar over 75 år.

Her er «smørbrødlista» til
Jarle Konrad Fausa i Konradløpet

2008: 28.51

2009: 25.47

2010: 23.44

2011: 23.38

2012: 23.02

2013: 23.22

2014: 23.26

2015: 23.06

2016: 22.44

2017: 23.32

2018:

Ei fantastisk liste – og faktisk
ei fantastisk bragd. Slike prestasjonar har lett for å drukne i ei
resultatliste der alle vert samla
   «under
ein kam». Som arrangør er det Velledalen IL si plikt å sjå andre enn dei som «svir
unna» runden på 14,15, 16 eller 17 minutt. Ei oppgåve laget tek på største
alvor.

PS. Jarle Konrad fyller
altså 78 år ti dagar etter
   årets løp - og vi vil tru tidene hans er «ei handfull» for 38-åringar flest.