Stort & Smått frå Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2018
O-suksess.
Det største siste dagane frå VIL-hald er knallsuksess under opninga av årets
SentrumsCup i orientering. Faktisk kom det så mange at ein ikkje greidde notere
opp alle som var der. Tysdag 17.april vert det ny SentrumsCup, denne gongen ved
Sykkylven Ungdomsskule.
Arrangørkurs
.
14.april vert det arrangert arrangør-kurs for o-tilskiparar i Ålesund.
Velledalen IL skal arrangere løp 2. september i området Fjellsætra. Då er det
meininga at laget skal vere sjølvhjelpte som arrangør. Med på kurset i Ålesund er:
Pernille Ibsen Lervåg, Alf Petter Bøe, Ann-Helen Hole og Bjørnar Andersen.
Nærsprinten utsett.
Løpet Nærsprinten var tillyst 24.april på Brunstad – eit samarbeid
mellom Velledalen IL og Nærbutikken. No er løpet flytta til 8. mai på grunn av
kollisjon med spelekveld på skulen i Velledalen. Løpet vert no arrangert på
butikken sin 20 års dag. O-gruppa, som skulle hatt siste løpet i SentrumsCupen
8.mai, har høfleg gitt frå seg denne datoen.
FKS sprakk.
Seriestart i 4. div fredag 13. april. FKS brynte seg mot Volda og låg under
heiderlege 0-1 ved halvtid. Ti minutt ut i andre omgang utlikna Lars Kristian
Hjelseth til 1-1. Diverre sprakk FKS med fire baklengsmål siste halvtimen.
Altså 5-1 til voldingane. Komande veke har FKS heimekamp mot Ørsta, som i fjor
kamperte i 5. divisjon.
Premieutdeling.
15. april er Tandstad skule staden å vere for alle som deltok i
TELENOR-FjellsæterCup i langrenn sist vinter. Tidspunktet er klokka 17.00. Alle
blir premierte, anten ein har gått eitt eller fem renn (eller midt mellom)
KM-Nytt.
Friidrettsleiaren (AP BØE) har fått gledeleg melding om at Kjell Magnar Berli
vert med på laget til Holmenkollstafetten. Kjell Magnar har elles denne veka
starta i ny jobb, og i dag (14.april) er han heit vinnarkandidat i Roalden Opp
på Stranda.
Kake-honnør.
VIL etterlyste nyleg seks kaker – fasong etter fritt val – til MiniKonrad. Det
er ei glede å kunne gi honnør til Bjørg Iren Strøm og Monica Aure Fallingen som
hittil har meldt seg. Elles vert det mange sunne alternativ under MiniKonrad,
vert det meldt.
Avslutt helga hardt!
Det kan du gjere ved å møte på trening sundag 15.april klokka 20.00.
Frammøte ved Fetbrua og treningsarena vert skogsvegen (grus) på Drabløs. Vi
greier neppe 13 utøvarar som på Brunstad, men kven veit ……
GOD HELG TIL STORE OG SMÅ!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024