Viktige medspelarar i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2018
arkivfoto
Til liks med dei siste åra
vert Sport1/Focus Sport ein av Konradløpet sine største sponsorar. Dei held med
start/målsegl og startnummer til hovudløpet 1.mai. Som før om åra vert
startnummeret eit «verdipapir», som gir 30 prosent rabatt på handel i
forretninga i Sykkylven. Eit tilbod deltakarane absolutt bør nytte.
Solveig Hopland er
1.premie-leverandør både i herre- og kvinneklassa. Velledalen IL har gjennom Solveig
sine premiar motteke stor fagnad.
-
Uvanleg flotte
premiar, har vore omkvedet frå mange hald.
I 2018 er Solveig beden om
å gjere ein vri i høve til den premien som har vore brukt siste åra, så vi kan
trygt seie vi er spente på resultatet.
Morten Holmberg held til i
nabofylket i sør, med base i Vik i Sogn. Han har i ei årrekkje skaffa oss gode
premiar til ein rimeleg penge under MiniKonrad. Slik vert det også i 2018. Ei
av utfordringane med dette løpet er å treffe noko lunde med talet. Dette sidan
påmeldinga fyrst er på løps-dagen. Med bruk av litt restar har vi kring 200
premiar til årets MiniKonrad. Det håper vi skal bli nok.
Dei siste åra har vi hatt
ein stol frå IMG, ei særs så raus gåve, trekt mellom alle deltakarane. Om det
vert slik også dette året veit vi ikkje i skrivande stund. I så fall skal blir
det brei omtale når alt er klart.
Har nokon lyst å gi
premiar til Konradløpet 2018, kan dette meldast til premiesjef Odd Kåre Fet:
E-post: od-fet@online.no
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024