11.april: Velkomen til SentrumsCup i orientering
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2018
O-gruppa i VIL hadde i
2017 stor suksess med sin då nye SentrumsCup i orientering. Dette året har
gruppa som mål å vidareutvikle konseptet. Det vert i alt fire løp, alle
arrangert på kvardagar, men på ulike vekedagar. Tre av løpa går i april, det
siste i mai. April-løpa opnar med frammøte ved Sykkylven Storhall, medan løp to
(tysdag 17.april) har ungdomsskulen som frammøtestad. Siste april-løpet (måndag
23.april) har kyrkjeparken som base.
Leik som oppvarming.
O-gruppa skriv på Facebook-sida si at det denne gongen vert prøvt eit
samla opplegg for born i skulealder. Ein startar med 15-20 minutt felles leik
utan kart og kompass. Oppmøte for born som vil vere med på dette er sett til
klokka 17.15.
Etter leik/oppvarming kan
ein delta i to korte o-rundar der postane ligg tett, og der ein ikkje kjem
langt bort på noko tidspunkt. Eine runden vert lagt slik at der ikkje er
kryssing av vegar, og skuleborn som har lyst kan prøve seg på denne runden.
Anten åleine, eller saman med andre.
Den andre korte runden vil ha noko
kryssing av vegar, og det vert foreldra sitt ansvar om ein vil sende ungane
åleine eller
bli med på runden.
For store born og vaksne
vil der ligge ventande ei løype på 2-3 kilometer der postane ligg tett. Fokuset
her vert ikkje å springe, men «å finne fram». Fin trim for kropp og hovuda til
foreldra.
O-trening på Emblem.
Vi er inviterte til å delta på o-treningar for born og ungdom på
Emblem torsdagar klokka 17.30. Her kan dei som vil møte opp. Trenar er Henning
Osnes Teigene. Treng du meir info så kontakt Pernille (410 87 093) eller
Henning (979 83 592)
Sirkel-trening.
Hugs også VIL sin sirkel-/stasjonstrening for vaksne og ungdom på grendahuset i
Velledalen klokka 20-21, stort sett kvar onsdag heile året. Gratis å delta.
Instruktør: Janne Tomtum
(481 71 667)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024