NM motbakkeløp 2019 til Valldal IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2018
arkivfoto
Mange VIL-utøvarar har
delteke i Mefjellet Opp tidlegare. Vi nemner Olaf Øien, Svein Nakken, Espen
Strøm Grebstad, Kjell Magnar Berli og Per Inge Bjørnestad. Det er sikkert
fleire.
Kanskje kan året 2018 vere
året for å teste ut NM-løypa for slike som tidlegare ikkje har prøvd den.
Tenkjer då spesielt på Jan, Anders, Radka og Pernille.
Kort om løypa: den har
start ved sjøkanten i Fjørå (mellom Valldal og Tafjord). Fyrste del går
vekselvis på asfalt og sti. Seinare går løypa over på skogsveg, for gradvis å
gå over til fjellterreng. Løypelengda er sju kilometer. Målgang på toppen av
Mefjellet, kring 1100 meter over havet. Traséen opp Mefjellet vert ofte omtala
som den perfekte for eit motbakkeløp.
Valldal IL fyller 100 år i
2019. Det talde nok med i positiv lei for norddalingane når NM-arrangør for
2019 skulle plukkast ut. VIL-Nett gratulerer med tildelinga!
Og vi trur Velledalen IL
vert representert under løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024