Langrennscupen 2018 har premieutdeling 15. april
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2018
Opprinneleg dato for
samkoma var 4.april. Så vart det flytta til onsdag 11.april, men på grunn av tidlegare
tillyst Sentrumscup i orientering same dag, fann ein det rett å flytte nok ein
gong.
No vert Tandstad skule
framleis staden, men datoen vert sundag 15.april klokka 17.00. Viktigaste post
på programmet er premieutdeling. Men det vert også loddsal med flotte vinstar,
og vi reknar med det vert servering av ymse slag.
Vi har hatt ein god vinter
i 2018. Som naturleg er har det gitt vokster til den lokale langrennscupen. Såleis
bør mange finne vegen til Tandstad skule den 15.april, der fortente premiar
ventar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024