Vegard ny «coming man» frå Tandstad
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2018
Familien til Vegard
Riksheim Tandstad har lang fartstid i Konradløpet. Systera, Hilde, hadde til og
med løyperekorden for kvinner i mange år med tida 18.46. Ei tid ho faktisk
gjorde to gonger. Men skal vi tru Lars Inge Sæther sin statistikk, har
Simo-Vegard mang ein gong drege dyna godt over hovudet samstundes med at resten
av familien har sett kursen mot Brunstad.
Men i 2018 vert det
annleis. Vegard har meldt seg på! Og det kan han trygt gjere. VIL-Nett har registrert
at han sprang løp av god kvalitet i Ålesund i 2017. Ganske så nyleg gjorde han
kroppslege justeringar i form av ein brokkoperasjon. Truleg slo det positivt
ut, for påskeaftan imponerte han med tida 17.23 i PåskeKonrad – etter eit
sololøp.
Det betyr at 16-talet
heilt klart er innan rekkevidde 1.mai. Som vil bety ein debut med smell. Men
det stoppar ikkje her. Fire dagar etter Konradløpet er Vegard på plass i Oslo
for å springe Holmenkollstafetten saman med to andre «tandstingar», nemleg systera
Hilde og Nærbutikk-Henning. Tre av 15 etappar utført av «tandstingar», med
andre ord!
«Kvasse knivar» med Tandstad som etternamn
i Konradløpet (før løpet 2018):
13 deltakingar: Inger
Kurseth Tandstad, Hilde R. Tandstad
11: Per Svein Tandstad,
Asbjørn Tandstad
10: Jo Andre Tandstad, Tor
Olav Tandstad
9: Tone og Petter E.
Tandstad, Ole Martin Sæther Tandstad og Håkon Sæther Tandstad
8: Geir Steinar Tandstad
7: Asgeir Tandstad, Reidun
Tandstad, Oline Sæther Tandstad og Trude Sæther Tandstad
Merk dykk: Her er det kamp
om plasseringane!
Men personen som toppar på
Tandstad heiter ikkje Tandstad til etternamn. Ikkje overraskande er Inger Anne
Riksheim «dronninga» også her. Og for dei som ikkje veit: Inger Anne er mor til
«the coming man».
-
Kor mange gonger
har ho starta då, undrar du sikkert…..
-
Svaret er full
pott – 16 gonger av 16 moglege!
Tandstad kan synast ha
satsa på «import» av kvinner med namnet Inger. Og dei to som har slege best
til, må seiast å vere «kortreiste», nemleg frå Hundeidvik og Riksheim.
PS. Som det går fram av
lista er Tone, Petter, Ole Martin og Håkon kvalifiserte til Konradløpet sin 10
års premie om dei stiller til start 1.mai.
Vel Møtt til alle frå
Tandstad og alle andre delar av bygda!!
PÅMELDING:
http://idrettslaget.velledalen.net
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024