Velledalen IL skal skulerast som o-arrangør
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2018
Fyrste helga i september
vert ei stor o helg for Velledalen IL. 1.spetember er laget vertskap for ei
o-samling med base på Fjellsætra. I same området vert det o-løp dagen etter,
altså sundag 2. september. Og i dette o-løpet skal Velledalen IL så langt råd
vere sjølvhjelpen som arrangør.
Men fortvil ikkje. Slikt
kan lærast, og alt laurdag 14. april er det kurs på Emblem. Tidspunkt ca
10.00-14.00. Fleire frå Velledalen IL skal dit, men o-gruppa ser gjerne at enno
fleire melder seg.
Ingvild Maalen-Johansen,
som sat i NOF sitt forenklingsutval og var med på å utvikle flexoløp-konseptet,
kjem til Emblem. I teksten som er sendt ut i samband med kurset heiter det:
-
Målet er at alle medlemmer i en norsk o-klubb skal
kunne arrangere et o-løp.
Og det skal vi klare den 2. september. Hiv deg med til Emblem laurdag
14. april. Meld deg på til Pernille, Janne eller Merete i o-gruppa!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024