Christina klar med nytt Slovakia-Konrad

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2018

Christina Holmberg er til
dagleg legestudent i Slovakia. Eit studium ho no etter kvart ser enden på. I
påska var ho heime, og ikkje uventa var sporty Christina å finne på startstreken
under PåskeKonrad. Tida 22.44 vitna om solid fysisk form.

Christina har dei siste
åra arrangert Slovakia-Konrad med start 05.00 1.mai og frukost etter løpet.
Akkurat som i Velledalen. I 2017 hadde Christina heile 22 utøvarar til start.
Ganske så imponerande. Og Christina lovar:

 -
   

 Det vert
Slovakia-Konrad også i 2018!

Oslo-Konrad vart starta
opp av Hilde Riksheim Tandstad. Der har ikkje deltakinga kome opp på
Slovakia-nivå, men det er avvikla fleire vellukka arrangement. Også der med
frukost etter løpet. Om dette arrangementet vert arrangert komande 1.mai er i
skrivande stund uvisst.