Jan tok sjutoppsturen på Sandsøya langfredag

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2018

Sjutopps-turen på Sandsøya
er eit tøft fjell-løp med om lag 1000 høgdemeter på 15 kilometer. For å kome på
dei sju toppane må ein gjennom bratte bakkar både opp- og nedover.

Jan Rakottyai har sendt
fylgjande rapport til nettsida:

 -
   

 Det var ein fin
start på sesongen, der eg er passeleg fornøgd med dagens innsats. Opp bakkane
gjekk det sakte, men på flata prøvde eg halde fem minutt på kilometeren.

 -
   

 Tida litt under
to timar og 30 minutt (nøyaktig tid 2.29.31) er eg fornøgd med. Langt etter dei
beste, men også lang føre meg sjølv frå i fjor. Mange minutt betre, og eit fint
utgangspunkt for sesongen.

 -
   

 Løypa var godt
merka. Litt blaut somme stadar, og litt frosen der det ikkje var sol. Alt i alt
ein strålande fin dag i fjellet. No må eg kome meg ned på flata dei komande
vekene og spisse forma mot Konradløpet (Jan debuterte i Konradløpet med 20.38 i
2017).

Erik
Voksøy Bringsvor, Sandsøy IL, vann herreklassa føre Macus Megrund, Valder IL.
Ingrid Festøy frå Gular IL vart beste kvinne. Kring 40 deltok i
konkurranseklassa, i tillegg til rekordmange mosjonistar.