Dette er bra, Velledalen IL!
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2018
Frå v.: Radka, Alf Petter, Ellen, Jan, Pernille og Anders
Meininga var at treninga
skulle vere på Ikornnes stadion. Men der hadde ikkje vinteren sleppt taket.
Difor vart det Brunstad i Velledalen, på ein kald føremiddag den 27.mars
2018.
Seks personar møtte. I
tillegg til Alf Petter Bøe som leia økta; Radka Vosicka, Jan Rakottyai,
Pernille Ibsen Lervåg, Ellen Marie Hole og Anders Wigdahl. Truleg den sprekaste
sekstetten som har trena saman i Velledalen. I alle fall i moderne tid.
Imponerande er det også at
denne sekstetten har fem ulike nasjonar som fødeland. Akkurat slik VIL ynskjer
ha det – eit inkluderande miljø, der alle kan kjenne seg velkomne.
Gruppa la bak seg 12 drag,
kvart på om lag 400 meter. Trening i «overfart», kallar Alf Petter dette.
Overfart vil seie at farta er høgare enn det ein vanlegvis nyttar i
konkurransar. Ei treningsform AP Bøe nytta mykje den tida han dreiv som hardast
som konkurranseløpar på Nordmøre.
PS: Vi minner om
PåskeKonrad påskeaftan klokka 10.00 – start frå Nærbutikken. Alle, uansett fart
og nasjonalitet, er hjarteleg velkomne. Sosial samling i kafeavdelinga til
Nærbutikken rett etter løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024