Kjell Magnar «back in business» - no i randonee.
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2018
Comeback.
Det
er langt over årets sidan Kjell Magnar Berli sist var i aksjon under større
konkurransar. Difor må «comebacket» hans i Stryn omtalast som særdeles vellukka
og lovande for framtida.
I idrettsgreina randonee
gjeld det å ta seg fort både oppover og nedover. Og vi snakkar som regel om
særs bratt terreng. Diverre spela ikkje vêret på lag med arrangøren, fortel
Kjell Magnar:
-
Det vart utsett
fleire gonger, og det enda til slutt med to rundar i same løypa.
Debutant.
Planen
var at Kjell Magnar skulle delta under NM same stad i 2017, men ein kneskade
gjorde dette umogleg. Difor var det ein spent Kjell Magnar som troppa opp i
Stryn palmelaurdag, som debutant. Men
han vart fort varm i trøya:
-
Ja, og det gjekk
svært så bra oppover, der eg berre tapte heilt marginalt til dei beste. Men det
var verre nedover, der eg ikkje satsa like tøft som dei kvassaste. Det var
skikkeleg hardt for låra i det bratte lendet gjennom tett skog ved sida av
alpintraséen.
Uhell.
Siste
delen av rennet fekk Kjell Magnar problem med skifellane. Heldigvis hadde han
med reserve-utstyr og fekk skifta. Med tidstap som resultat, naturlegvis. Men
vår mann var likevel nøgd med innsatsen:
-
Eg fekk vist at
forma er veldig god oppover. Dei beste her heldt trass alt landslagsnivå. Kanskje
skal eg i aksjon på nytt om to veker på Oppdal, og så må eg trene litt
springing til Konradløpet.
RESULTAT:
1.45.23: Sondre Svensli,
Eidsvåg IL
1.56.22: Håvard Myklebust,
Sunnmøre Randoneeklubb (beste sunnmøring)
1.59.58: Kjell Magnar
Berli, Velledalen IL/HardhausSport (nr 6 i klasse 21-40 år, nr 11 totalt)
63 fullførande utøvarar
Dei siste på resultatlista
brukte godt over fire timar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024