Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2018
Svein Arne Nakken (leiar), Pål Rune Fet, Svein Hjorthol, Bård Erstad,
Asbjørn Tandstad,
Knut Orre, Kjetil Eikemo (ny) og Anita M. Nakken (ny). Dei to
fyrstnemnde tok attval medan dei fire neste på lista ikkje var på val.
Langrennsgruppa er
brukbart fornøgd med aktiviteten til seniorløparane som representerte
Velledalen IL i sesongen 2016-2017. Vi har nokre få seniorar som deltek aktivt,
men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten alt for låg. Ingen aldersbestemte
løparar representerer VIL på kretsnivå denne sesongen.
Når det gjeld
aktiviteten til sjølve langrennsgruppa, var dette ein heller laber sesong då vi
gjennom store delar av vinteren sleit med snømangel. Vi har likevel, saman med
langrennsgruppa til SIL, arrangert TELENOR-Fjellsætercup i langrenn for tredje
året på rad i lysløypa på Fjellsætra. Langrennsgruppa har saman med
friidrettsgruppa arrangert Ramstaddalsløpet, eit sosialt arrangement som samlar
folk i alle aldrar, og Tomasløpet i Straumgjerde.
TELENOR-Fjellsætercup
i langrenn:
For tredje året på
rad arrangerte
langrennsgruppene til SIL
og VIL langrennscup i lysløypa på Fjellsætra. Vi la opp til fem (5) cuprenn,
men mangel på snø gjennom store delar av sesongen, gjorde at vi måtte avlyse
det andre rennet. Dei tre siste renna gjekk etter planen, annan kvar onsdag
kveld. Langrennscupen vart avslutta med premieutdeling og sosialt samkome på
Tandstad skule onsdag 19. april. Totalt 72 personar deltok i langrennscupen i
sesongen 2017. Tala for året før, 2016, var 62 deltakarar.
Det 4. rennet i
TELENOR-Fjellsætercup vart samtidig arrangert som Bygdamesterskap i langrenn
med VIL som ansvarleg arrangør. Langrennsgruppa til SIL hjelpte til på
funksjonærsida. Til neste sesong, sesongen 2018, er rollene igjen omvendte. Då
er det SIL som skal stå som ansvarleg arrangør.
Fjellsæterrunden:
Den 38. utgåva av
Fjellsæterrunden, som var terminfesta til laurdag 25. februar, vart avlyst
grunna elendige snøforhold i løypetraséen. Vi får kome sterkare tilbake i 2018,
og håpe at snøforholda rettar seg til neste sesong...
Det
Store Folkerennet:
Vart ikkje arrangert i 2017.
Ramstaddalsløpet:
'Stafettettpinnedugnaden'
Ramstaddalsløpet for medlemmer og sympatisørar vart planlagt og gjennomført av
friidrettsgruppa og langrennsgruppa ved Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken i
samarbeid med Atle Hole. Laurdag den 7. oktober kl. 09.30 braut Paul Hole (88
år) startsnora ved Grendahuset (nytt av året) og løpet var i gong. Etter 4
timar, 7 minutt og 17 sekund sprang Atle Hole pinnen over mållinja ved
Grendahuset. Då hadde 48 ulike personar over 51 etappar delt på å frakte
stafettpinnen dei 51 km frå start til mål. Veret var, som det alltid bruker å
vere under Ramstaddalsløpet, prima.
Etter målkomst var
det samkome i kjellarsalen på Grendahuset for alle deltakarane.
Løpstraséen er den
same kvart år, men i år var altså start og mål flytta til inngangen til
symjehallen på Grendahuset:
Symjehallen, Pe-krysset, Fjellsæterskiftet,
Fjellsæter-området til Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til
Aure. Over Sykkylvsbrua til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen fram
att til symjehallen.
Velledalen IL
har hatt desse aktive løparane
i
sesongen 2016-2017:
Hilde Riksheim Tandstad, Ellen Marie Hole, Kjell Magnar Berli, Terje
Aurdal, Olav Brunstad, Anders Wigdahl og Svein Arne Nakken (alle langrenn) og
Jan Ringseth (hopp).
Velledalen IL har gjennom desse personane vore representert i skirenn i
inn- og utland.
For detaljar elles, viser vi til arkivet på
nettsida vår:
http://idrettslaget.velledalen.net
Straumgjerde 20. mars 2018
For Velledalen IL, langrennsgruppaSvein Arne Nakken, gruppeleiar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024