Terje Aurdal går Noreg på langs
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2018
«Stunt» har det vore mange
av, utført av medlemar i Velledalen IL siste åra. I desse dagar er Terje Aurdal
i full sving med ein ekspedisjon som slår alt som tidlegare er levert. At
65-åringar legg ut på slike turar er langt frå heilt vanleg, men Terje har
alltid vore ein føregangsmann. Mellom anna fyrst ute i Vasaloppet, og ei rekkje
andre store turlangrenn i utlandet, frå Velledalen IL. Og det var han som var
primus motor då bygda vår sende lag til Holmenkollstafetten for nær 40 år
sidan.
Starten på Terje sin «Noreg
på langs-ekspedisjon» fann stad i nord sist sundag – ved noko som heiter Kong Oscar`s
kapell, så langt nord og aust i Noreg ein kan kome, og ein stad der storhavet
står rett på. Turen sluttar om kring fire månader ved Lindesnes. Etter planen
skulle turen innom både Sverige, Finland og Russland, men her vart planane
endra.
-
Når eg såg
korleis det gjekk med Frode Berg, kutta eg ut Russland, fortel Terje til VIL-Nett
før turen starta.
VIL-Nett snakka med Terje
i dag. Han var ved gått mot, sjølv om han låg eitt døgn etter skjema:
-
Det skuldast
vanskelege forhold med laus, djup sukkersnø som gjer det tungt å gå utanfor
oppkøyrde løyper. Her er lyst klokka 04.00 om morgonen, men mørkt i halv
seks-tida på kvelden. Pulken eg dreg er ca 35 kilo. Vatn finst ikkje, så det må
smeltast snø, og det kjem heile tida inn snøbyger frå havet. Maten min består
av frysetørka middagsprodukt, suppe og havregraut.
-
Er du i godt
selskap der oppe – ser du mykje folk?
-
Hehe, nei, det
vart sagt at eg var årets fyrste turist, så eg er her åleine.
I starten vert det nok
mykje skigåing på Terje. No skal han til på Pasvikdalen. Han held seg nær
russegrensa, men ikkje over. Både Noreg og Russland har sine vakttårn nær
grensa og han høyrer hundar gøy på «feil side». Snart skal han inn i Finland.
Men når snøen brånar og isen går i oppløysing går han over på eigne fotblad og
kano. Vi håper å kunne få rapportar om stoda med ujamne mellomrom, no som etter
kvart «vårsol i bakkane blenkjer».
Her er Terje sine tre
største prestasjonar for Velledalen IL i lokal skisport:
·
1985:
Samanlagtvinnar i Sparebanken Møre Cup (krinscupen) langrenn.
·
1985: KM-vinnar
3X10 km stafett (saman med Pål og Atle)
·
1986: KM-vinnar
15 km langrenn på Vatne
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024