Fjellsætercupen: 144 ulike personar har delteke hittil

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2018

Den lokale langrennscupen kan notere fin auke sidan sist vinter.
 144 ulike deltakarar hittil er flott, når berre eitt
renn står att. Før cupstart vart det bestemt at det skal vere lik premiering
uansett om ein har gått eitt, to, tre, fire eller fem renn. Renn-fordelinga
etter fire renn ser slik ut:

77 personar har gått eitt
renn.

31 personar har to renn.

21 personar har tre renn.

15 personar har alle
renna.

At fleirtalet berre har
gått eitt renn er nok litt skuffande for arrangørane, då innteninga er dårleg
på utøvarar med berre eitt renn. Håpet må vere at mange av dei 77 stiller i
siste rennet. Truleg vil ein naturleg konsekvens av årets
tal verte at ein må ha to renn for å bli premiert neste sesong.