Klubbmeteorolog Holmberg sitt langtidsvarsel.
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2018
Velledalen
Idrottslag sin journalist har etterlyst vermelding for 1. halvår 2018.
Etter beste evne har eg prøvd tyde månefasane i almanakken for å kunne spå
veret.
I
perioden vi er i no har fullmånen snudd i nordaust, og det kalde veret kjem
derifrå. I midten av mars, nærare bestemt natt til 17. mars slår det om
til mildver. 2. halvdel av mars vert mild og fin, med noko regn.
Påskeveret:
Første del av påska vert mild med noko nedbør. Sist i påska vert det litt
kaldare og truleg opphaldsver og kanskje sol. April vert gjennomgåande
stort sett kald, men det ser ut til å verte ein god del sol i slutten av april.
Konradløpet
1. mai ser ut til å verte velsigna med mildt og godt ver. Om det vert
nedbør eller ikkje er vanskeleg å seie, men om det vert nedbør vert det i så
fall lett og mildt sommarregn.
Mai
vert ein varm og god månad.
Vyrdsamt
Per-Gunnar
Holmberg
Klubbmeteorolog
VIL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024