Tidlegare VRF-klubbkjempe har passert 70 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2018
-
70 år er ingen alder for ein målmann, ville Johan
Svindseth truleg ha sagt om saka.
Johan er sjølv over 80,
men til liks med Store Alnesio – som «Myre-Bjarne» også vart kalla i periodar
av karriera – har karane humoren i orden. Men faktum er at Bjarne no er 20 år
eldre enn klubben han trufast tente, nokon gong vart. Kring 25 år av livet sitt
spanderte Bjarne Alnes på VRF. Vi trur ikkje han angrar.
Allsidig.
Bjarne slo gjennom som målmann. Rask, spenstig, smidig og ruvande. Han hadde
det som skulle til. Så god var han at han i unge år fekk plass i Hødd-stallen,
på øvste nivå i norsk fotball, som den gong heitte noko så truskuldig som
1.divisjon. Bjarne var heit kandidat som fyrsteval i mål for Hødd, stod i
fyrste seriekamp, men vart skadd. Etter ein del benkesliting vende han heim til
Velledalen. Grenda der unge menn åt fiskekaker og drakk direkte av ølkaggen når
dei skulle på fest. I trygge VRF venta målmannsplassen på han. Han var sentral
klubben sine gode år på 1970-talet, og seinare fekk han æra av å bere den
gulsvarte drakta både som midtstoppar og spiss.
Ein jævel i stille lengde.
Jo Nesbø framfører ein song som heiter «Gym». Er vi
så frekke at vi nyttar oss av Nesbø si språkføring i den songen, vert det rett
å skrive at: Bjarne Alnes var i yngre år ein jævel i stille lengde. Som betyr
at han var
særs god i stille lengde.
Han imponerte stort i denne greina under eit bygdameisterskap innandørs.
Tandstad skule var arena, årstal ca 1974. Som vi skjønar hadde mannen
potensiale i mange idrettar.
Ordhag.
Bjarne var son av han Alnes-Lars og ho Myre-Kari. Faren var i gode stunder ein
eminent historieforteljar og humorist. Arven etter faren bar Bjarne lett, til
glede for med- og motspelarar. Her kjem eit par eksempel:
I 1979 for VRF stygt åt
med Skarbøvik. Bylaget var seriefavoritt dette året, men tapte 0-1 på Siffen i
vårkampen, dei spela 0-0 i Velledalen hausten, og VRF slo dei på straffespark i
ei cupturnering på Sykkylven stadion. VRF vann turneringa og det skulle vere
premieutdeling med finalelaga ståande rundt midtsikelen. Speakeren opna med å
seie:
-
Så kan tapande
finalist sin lagkaptein kome fram for å få blomar.
Ikkje
før hadde speakeren sleppt orda frå munnen før det kjem halvhøgt frå Bjarne:
-
Det hadde no
passa betre med ein krans!
Orda kalla fram smila både
hos taparane og vinnarane.
Bjarne sin yngre bror,
Leiv, kasta seg på kalkunbylgja då denne reid Velledalen på 1980-talet.
Daggamle kom dei flyborne til Vigra, der dei vart henta av kalkunboss, Bjørn
Asle Lade, og delte ut til lokale «oppdrettarar» i Velledalen. Leiv fekk fem i
fyrst omgang, men dette var kløkne krek, så då varmelampa hans svikta, døydde
samtlege. Det vart organisert innsamling, slik at
Leiv fekk fem nye kryp.
-
Prima vara,
meinte Myre-katten, som slukte heile herlegheita.
På neste fotballtrening
fortalde ein vonbroten Leiv under oppvarminga om lagnaden til dei to
kalkunkulla. Då Leiv hadde tømt seg, kom broren bjarne brennsnøgt med fylgjande
melding:
-
Trur du skal
bejynde me gulrøte e Leif, dei tek i alle fall ikkje katten!
10 straffemål. Bjarne
visste korleis han skulle hindre mål, men han visste også korleis dei skulle
scorast. I 1982 rykte VRF ned, men i 1983 var det på ny betre tider, med Bjarne
Alnes som utespelar. Faktisk vart Bjarne VRF sin toppscorar dette året, der
18-åringen Kay Ove Lade kom for fullt i VRF. Han var finte-, drible,- og
filmsterk. Unge Lade skaffa åleine ti straffespark denne sesongen. Men å
omsette straffesparke i nettkjenning var Bjarne Alnes sin jobb.
I harnisk.
Harøy-kapteinen, Perry Myklebust, laga i 1983 straffespark mot Kay Ove Lade
både på Harøya og i Velledalen. Då han gjorde det under haustkampen i
Velledalen kom han aldeles i harnisk, då han meinte «forseelsen» var rein og
skjer filming frå Lade si side. Då går Kay Ove Lade fram til den rasande
mannen, klappar han på hovudet og seier:
-
Ta det med ro
besten, ej kan`kje hjelpe før at du e so rå!
Det høyrer med til soga at
denne Myklebust var i sin beste alder. Rett nok hadde han noko «skrinn frisyre»,
men nokon «besten» var han definitivt ikkje.
Bjarne Alnes bles
straffesparket i nota.
Bjarne Alnes er mellom VRF
sine største bidragsytarar sportsleg, og han var mellom dei som «berika»
miljøet sosialt. Det er nok lenger mellom redningane og scoringane no, men dei
lever i minna våre. «Reisa» i lag med deg i VRF var frydefull - gratulerer så mykje med vel overstått 70 års dag.
Atle Jomar.
PS. Og ei lita helsing til
Vigdis for hennar bidrag til miljøet i gode og vonde VRF-dagar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024