Verbale roser til Knut Orre
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2018

For eit par dagar sidan
kom det ein særdeles kjekk telefon frå gruppeleiar i VIL langrenn, Svein Arne
Nakken.
Han fortalde at no ville
Knut Orre drage i gang litt ski-instruksjon for born. Frå seks år og oppover.
Fyrste gong skulle vere tysdag 28.februar, men han ville halde fram kvar tysdag
fram til påske. Frammøtestad var parkeringsplassen på Fjellsætra, tidspunktet
17.30-18.30.
Og VIL-Nett seier:
Takk Knut - bygda vår «skrik»
etter eit slikt tiltak!
Håper du får med deg
fleire som vil hjelpe til.
Barnas Fjellsæterrunde
viste at emna finst.
Verbale roser er vel og
bra – du skal få ekte vare når sponsoren vår, Holmbergs gartneri, opnar.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024