Fjellsæterrunden 2018: Fantastisk barnerenn!
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2018
No må idrettslaga i bygda
ta tak i dei unge og byrje skuleringa!
Fantastiske 168 utøvarar
deltok i Barnas Fjellsæterrunde. Rennet viste at her er eit utal emne å jobbe
med. Og her er det lett å få framgang – øving gjer meister!
Sykkylven er nemleg vorte
ei sinke på skifronten. Eksempelvis heilt utan deltakarar i årets KM både i
alpint og langrenn. Trass glimrande «fasilitetar». Vi vert snakke negativt om,
og stygt og seie det; med rette!!
Neste år er det også å
håpe at arrangøren får til ei meir tilrettelagt løype for dei yngste borna. Tre
km for desse er sjølvsagt altfor langt.
Men tre kilometer er
høveleg for dei eldste. Som
Aksel
Ramstad Stenseng, 2006-modell, som fossa gjennom løypa på ti minutt og 18.
sekund. Nærast han kom tre år eldre Sivert Nakken
med 11.03, føre tvillingbroren Andreas på
11.25.
Men for det store
fleirtalet av deltakarar var ikkje farta og tida det viktigaste. Etter at løypa
sine små og store utfordringar var unnagjort, vanka det fortent medalje kring
halsen.
VIL-Nett sitt råd: Gi
Barnas Fjellsæterrunde ein eigen dag neste år. Der ungane står 100 prosent i
fokus. Og med distansar som høver for ein fireåring, eller sjuåring. Ei kort
løype med masse folk langs løypa, er langt meir inspirerande for ein liten
pjokk enn ei lang samanhengande løype på kring tre kilometer. Ungane har vist
at dei greier det også, men det er ikkje slik ein gir treåringa flest SKIGLEDE!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024