Fire VIL løparar sprang vinterkarusell i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2018
arkivfoto
Fjerde, og nest siste,
løpet i vinterkarusellen i Ålesund samla 36 påmelde. Resultatlista viser at 20
utøvarar fullførte 10 kilometer, 14 fem kilometer.
VIL sin Olaf Einar Øien
var eldst i løpet.
Han fullførte fem kilometer på 28.49 i klasse 75+
VIL hadde også dei to yngste i løpet, i tvillingane Sivert og Andreas
Mosby Nakken, i klasse 14-15 år. Andreas brukte 26.54 på sin fem kilometer,
medan Sivert dobla distansen og brukte 54.06 som den einaste i klassa.
Han far sjølv, Svein Arne Nakken, sprang 5 km i klasse 50-54 år. Den
vann han på tida 21.37, føre Frode Hoprekstad frå Sykkylven IL. Han brukte
22.33.
50-54 år er klassa for spreke sykkylvingar, er det likt til. I alle
fall vann Alf Petter Bøe
distansen over 10
km på 39.11. Her kom Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, på plass nummer to med
43.45. Rett nok så konkurrerer Alf Petter Bøe for Rindal IL, men han er så
heldig at han har bupel i Velledalen.
Kvalitetsmessig var det Søre Sunnmøre som dominerte. Karl Idar Vik
(35-39 år), Syvde IL, var raskast på kortaste distansen med 18.32, nøyaktig
minuttet føre beste kvinne, Trine Pilskog (45-49 år), Hareid IL, som gjorde
spreke 19.32 (kvinnerekord over fem km).
Gunnar Karl Emblem, Hakallestranda Kondisjonslag, var
med tida 37.19 best på
dei som sprang
mila.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024