Langrenn: Det blir FjellsæterCup også i 2018
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2018
arkivfoto
Ski-sesongen 2017 vart av
det vanskelege slaget. Dårleg med snø, sjølv i Ladalen. Og FjellsæterCupen i
langrenn bar preg av dette i 2017. Oppslutninga vart i underkant av det arrangørane
(SIL/VIL) hadde vona, og viste nedgang i høve til året før.
Men denne sesongen ser det
langt betre ut med snøen. Og langrennsleiar i VIL, Svein Arne Nakken, seier det
vert cup, men han er i skrivande stund ikkje heilt stø på datoane. Men han
opplyser at det vert nokre kveldsrenn og nokre helgarenn. Barnas
Fjellsæterrunde vil telje som eitt av cuprenna. Med andre ord ei viss endring
av tidlegare opplegg.
Følg med, datoane vert lagt på nettsida sin kalender,
så snart vi får dei i hus.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024