18 958 grasrotkroner til VIL i 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2018

Grasrotkronene
representerer ei kjærkoma inntekt for Velledalen IL. Sidan ordninga kom i gang - for VIL sin del i 2009 – har den skaffa over 181 000 kroner i klubbkassa.
Med ein årleg variasjon frå 15 736 som det svakaste til 26 762 som
det beste.

2017 har vore eit særdeles
jamt år, med månadlege bidrag frå 1470 kroner til 1897 kroner som det beste.
  Her er 2017-tala månad for månad:

Januar: 1705 kroner på 77
spelarar

Februar: 1544 kroner på 77
spelarar

Mars: 1504 kroner på 77
spelarar

April: 1523 kroner på 77
spelarar

Mai: 1476 kroner på 78
spelarar

Juni: 1897 kroner
  på 77 spelarar

Juli: 1480 kroner på 78
spelarar

August: 1470 kroner på 79
spelarar

September: 1495 kroner på
80 spelarar

Oktober: 1577 kroner på 80
spelarar

November: 1549 kroner på
80 spelarar

Desember: 1737 kroner på
81 spelarar

Sjølv om talet på
grasrotspelarar veks – som det ofte vil gjere med stigande medlemstal - viser
det seg at innsatsen til kvar spelar minkar. Sidan grasrotandelen er på 5
prosent, har vil sine grasrotspelarar brukt knappe 380 000 kroner på
tipping i 2017. Som igjen betyr kring 4700 kroner i året på kvar. Same tal i
2016 låg nokså nær 5000 kroner.

Snitt-tippinga pr spelar for den
organisasjonen som ligg høgast i Sykkylven er til samanlikning på ganske
nøyaktig 77 000 kroner i året.