Vil du låne vottane mine…..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2017

Per- Gunnar Holmberg var
ikkje i Ålesund som meteorolog. Han var der som «langar». Privat drikkelangar
til Alf Petter Bøe.
 Den jobben må han hatt klaff med, sidan AP vann
klasse 50-54 år, halvmaraton, med god margin.

Det var kaldt i Ålesund
30.desember 2017. Fleire minusgrader i deler av løypa. Likevel observerte vi
fleire utøvarar i det vi i gamle dagar kalla kortbukse. I dag veit mange av den
yngre garde ikkje kva ei kortbukse er. Det heiter visst nok «shorts», har vi
lært. Uansett namn, mest ekstrem i påkledninga var Odd Gunnar Tveit (sjå foto).

Sørlendingen var det vi
vil kalle ekstremt leddkledd. Då mannen passerte Per-Gunnar Holmberg sin post, tykte
gartnaren, meteorologen og langaren frå
Velledalen – godhjarta som han er - synd i mannen frå Birkenes IL. I alle fall røska Per-Gunnar av seg vottane
og ropte:


 -  Vil du låne
vottane mine……?

Det høyrer med til soga at
tilbodet vart høfleg avslått. Mannen som vann klasse 50-54 år på heilmaraton
ymta forsiktig frampå:


 -  Nei, eg har vore
like lettkledd i verre vêr enn dette, og kome bra frå det.

Uansett antrekk:

Odd Gunnar Tveit sprang
rundt på denne måten i 42 195 meter i Ålesund laurdag.

Odd Gunnar Tveit var ute i
3 timar 29 minutt og 18 sekund – nesten utan klede.

Odd Gunnar Tveit vart nest
best av alle på heilmaraton og vann klasse 50-54 år.

Odd Gunnar Tveit var ikkje
heilt i lodd på oppløpet, til liks med mange andre. Då vi ikkje hadde med
vater, kan vi ikkje kome med eksakt tal for unormal helling. Elles lytefri.

Odd Gunnar Tveit kan med
rette bere tittelen HARDHAUS.

Team Bøe har bestemt fylgjande:

På grunn av Odd Gunnar
Tveit sin imponerande oppvisning i Ålesund, er Odd Gunnar med etternamn Tveit,
kvalifisert til gratis deltaking i Konradløpet 2018 (1.mai med start 05.00).
Også der kan temperaturen kome ned mot null grader i heldige augneblikk, om det
måtte trigge sørlendingen. Startkontingenten vert i sin heilskap betalt av Team
Bøe.