Nyttårsmaraton i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2017
Denne gongen vart
Nyttårsmaraton i Ålesund eit vintermaraton. Underlaget varierte, men i hovudsak
gjekk løpet på snødekt veg. Somme brukte piggar, andre ikkje. Mest uheldig var
Olaf Einar Øien i sitt siste løp i klasse 70-74 år. Ikkje lenge før mål gjekk
han over ende, og slo seg såpass kraftig at han måtte bryte.
Debutanten Sivert Mosby
Nakken (14) tok seg greitt til mål.
- Sliten, men godt
fornøgd og ei stor erfaring rikare, heiter det i ei melding frå faren,
langrennsleiar Svein Arne Nakken.
Sivert passerte halvvegs
på 1.01.38, men fekk smake distansen kraftig mot slutten. 2.26.50 burde vere ei
grei tid å slå ved neste korsveg på same distanse.
Rutinerte Alf Petter Bøe vann klasse 50-54 år med solid margin. Her
fullførte heile åtte mann, og kjekt at Bjørn Arve Brune (Stranda) og Fridtjof
Fredriksen (Sykkylven) kom nærast Velledalen IL sin friidrettsleiar, som
framleis representerer Rindal IL. Jamt og solid arbeid av herr Bøe gjennom
drygt 90 minutt, vart løna med premie som klassevinnar og 12.beste tid av 75
fullførande på distansen.
Årets Nyttårsmaraton hadde
105 påmelde, kring 20 av desse på heil maraton. Are Uran var raskast på lengste
distansen (kring 3.18), medan Olger Pedersen, Dimna IL, gjorde unna halvmaraton
på 1.16.08 – svært sterkt forholda teke i betraktning.
RESULTAT HALVMARATON:
M 14-15 år:
1.
Gaute Skar-Hovde, Skar-Hovde Runners, 1.53.42
2.
Sivert Mosby Nakken, Velledalen IL, 2.26.50
PS: Birgit og Harry Hovde
er besteforeldre til vinnaren.
M 50-54 år:
1.
Alf Petter Bøe, Rindal IL, 1.30.26
2.
Bjørn Arve Brune, Stranda, 1.34.16
3.
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 1.39.53
4.
Pål Lampert, Romerike Runners Team, 1.43.36
5.
Oddbjørn Vad, Stordal IL, 1.43.53
6.
Thomas Andersson, Gursken, 1.45.37
7.
Geir Thunsetvedt, Wurth, 1.54.24
8.
Bjørn Syversbråten, Hemsedal, 2.17.21
M 70-74 år:
1.
Atle Nytun, Ålesund, 1.52.08
Olaf Øien måtte bryte
etter eit fall kort før mål
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024