Trimpostane: 60-og 70-åringane «ruler» stort!
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2017
I går presenterte VIL-Nett
topp-10 trimpostar for 2017. Samanlagtstillinga for dei ti personane som har
samla flest poeng i løpet av året. Det er ikkje sikkert du la merke til det ved
fyrste augekast, men faktum er at alle ti personane på lista er i 60- eller
70-åra.
Truleg har det ikkje hendt
før at to tiår har gjort reint bord. Men
denne gongen skilde det berre 16 år mellom eldstemann, Elling Ivar Hole på 76,
til yngste kvinne, Inger Anne Riksheim(60).
I fjor hadde trass alt denne lista to «ungdomsalibi»
i Geir Olav Drabløs og Linda Kristin Øye. Desse to vart i år erstatta av
Odd-Kåre Fet og Anita Hjorthol. Det betyr at snittalderen på topp-10 lista er
vesentleg oppjustert. Uoffisielt utrekna til 68,2 år for 2017!
Kva viser så dette…? Jau, det
viser at i nedslagsfeltet vårt finst det eit knippe menneske som brukar desse
trimpostane som ledd i bygginga av sitt eige velvere og fysiske form. Dei er komen
i ein alder der dei har tid til å gå, og dei går. Og hugs at det dreier seg om
langt fleire enn dei ti beste poengsankarane. Inne på topp-5 på enkeltpostane,
fann vi namn som Margit Fet (88) og Kjellaug Ulset (straks 90) dette året. Og
mange andre. Eigentleg ein heil generasjon
Så kan vi sitje og minnast
tilbake på trimpostane sitt startår for kåring av samanlagt-vinnarar. Det var i
1991. Då vann ein spebygd 15-åring (Per Steinar Linga)! Året etter var det
andre enden av alders-skalaen som viste seg fram, med Konrad Brunstad (då 82
år) som vinnar.
No derimot, er det nærast utenkjeleg med
tenåringar inne på topp-10 samanlagt. Og vi hadde heller ingen tenåringar inne
på topp-5 enkeltpostar. No er det 60- og 70-åringane som «ruler». Og dei gjer
det tungt. Vi mistenkjer dei for å halde stand i åra som kjem. Og vit at
Velledalen IL er stolte av innsatsen dykkar – faktisk særdeles stolte!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024