Nytt storløp av Njål i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2017

arkivfoto
Den tidlegare
europameisteren, romsdalingen Johan Bugge, vann løpet ganske så suverent på
tida 14.30. Njål imponerte med 4.plass i klasse 35-39 år med tida 18.41.
Nedanfor kan du lese Njål sin rapport frå løpet.D

  en brattaste bakken i
Oslo er ikkje like bratt som gangvegen frå Ikornnes kyrkje til Ikornnes
stadion. Men han er bratt nok, og kanskje viktigast, lang nok for å arrangere
eit svært bra motbakkeløp i Oslo. Løpet i Oslos Brattaste går opp Wyllerløypa
frå Sørkedalen og nesten opp til Tryvannstårnet på toppen av Holmenkollåsen.
Området er for øvrig mest kjent som tilhaldsstad for Oslorussen i mai månad
kvart år, og mykje tåke når det skal arrangerast eit årleg hopprenn litt lengre
nede i Holmenkollåsen.Saman med 2210 øvrige
deltakarar stod eg laurdag 30. september nede ved start. Løypa er 2.7 km lang
og har 407 meter høgdeforskjell mellom start og mål. Eg stilte meg optimistik
nok i gruppa for antatt sluttid på 18-20 min. Noko som seinare viste seg å vere
nokså fornuftig. Starten gjekk og det var
berre å gå fort oppover dei bratte kneikene i byjinga. Haldt nokså greitt tempo
utan å bli for sur i låra. Slik gjekk vel eigentleg heile løpet. Såg knappast
noko anna enn ned i grusen. Vel i mål på 18 min og 41 sek og på 58. plass
(vinnaren sprang på 14 min og 30 sek). Ny pers for meg med eitt minutt. Neste mål er framleis
Hytteplanmila 21. oktober og eit forsøk på å springe under 35 min (og kanskje
bli blant dei 100 beste). Foreløpig er eg ikkje so veldig optimistisk, men
håper å få til nokre brutale økter denne veka og neste veke i håp om at
storforma kjem.