60-åring med høg kilometer-stand
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2017
Heldigvis er det skilnad
på bilar og menneske. Bilar skal helst ha låg kilometer-stand. Menneske som
ikkje røyver seg er sjeldan av dei sunnaste. Dagens jubilant, Nils Terje
Skylstad, har aldri vore redd for å knyte på seg joggesko.
Rullebladet hans i
Velledalen IL er langt og godt. Kring 20 år som leiar av trimgruppa i
Velledalen IL, og enno lenger fartstid som trimpostgeneral. Årsmeldingane til
trimgruppa har vore prega av mykje godt statistisk arbeid. Både frå trimpostane
og idrettsmerkeprøver. Nils har alltid hatt kontroll. Det er ikkje akkurat få
trimbøker han har blada seg gjennom, på leit etter den einsleg turen som kan endre stod.
Han har sjølv vore ein trottig turgåar. Mang ein gong har Nils
sitt namn trona øvst. Holetindane har han nærast hatt klippekort på, normalt med over 20 turar i sesongen. I
Holemarka finn vi garanter Nils inne på topp-5. Og han var den fyrste som
gjorde eit «trimpost-stunt», då han 24.juli 2008 tok 11 av 12 trimpostar på
same dag – til og med på årets varmaste dag.
Nils
Terje Skylstad er æresmedlem i Velledalen IL. Vel fortent
etter trufast sportsleg og administrativt arbeid. Han har ei solid karriere som
motbakkeløpar bak seg. Han har vidare gjort sterke stafett-etappar både lokalt
og nasjonalt.
Også i
Konradløpet er posisjonen sterk. Bestetida hans er 15.29, i eit løp der han
vart totalvinnar i 2002, 2003 og 2004.
Sjølv om kilometer -standen til Nils er høg er «karosseriet»
i god stand. Så vidt vi veit har han enno ikkje byrja bruke av reservedelane.
Idrettsvener i Velledalen IL gratulerer med overstått 60 års dag!
Atle Jomar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024