Nye kraftprøver i Norddal og på Urke

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2017

arkivfoto
Begge nykomarane traff
blink med vêret. La det vere sagt. Når ein skal opp på 1851 meter over havet
(Torvløysa i Norddal) i september månad, ja, då kan ein vente seg litt av
kvart. I Norddal hadde ein tre løypelengder:


 ·
  

 1851 Opp og Ned


 ·
  

 805 Opp og Ned


 ·
  

 570 Opp og Ned

   

Vår mann, Olaf Einar Øien, deltok i 805 Opp og Ned. Her
er resultata frå Olaf si klasse, 40+:


 1.
  


 Jan Kåre Eide, Eidsdal IL, 1.41.26


 2.
  


 Petter Melchior, Norddal IL, 1.52.43


 3.
  


 Bjørn Sellereite, Ålesund, 2.02.07


 4.
  


 Olav Grønningsæter, Noteam, 2.21.28


 5.
  

 Olaf Øien, Velledalen IL, 2.44.02

Glimrande prestasjon Olaf!.
  Du er trass alt 74 år, og berre å kome på tanken at
du skal springe i ei klasse som heiter 40+, viser at arrangøren har stort
betringspotensial. Faktisk er det heilt meiningslaust at 74-åringar skal
konkurrere mot 40-åringar. Då hadde det faktisk vore betre å ha alt i ei klasse
og tone ned konkurranse-aspektet. Som i Konradløpet.

Løpa i Norddal samla i alt
52 fullførande i konkurranseklassene i tillegg til 36 i turklassa. Raskast i
lengste løypa var Marcus Megrund, Valder IL, på 2.56.20. Hadde vore noko å
brynt seg på for ein skadefri Kjell Magnar Berli…….

Så går vi til ei anna lita
bygd, Urke. Same dag som i Norddal, vart det på Urke arrangert noko så fint som
«
  Urke Challenge Saksa Opp 2017». Her
var det 57 fullførande i konkurranseklassene, med lokale Andreas Skylstad
(44.38) som ein heilt sikkert populær vinnar. Flott prestasjon av to unge damer
som representerer Sunnylven IL, må takast med. Anniken Hjellbakk Hole vart nest
beste kvinne totalt med tida 57.11 (vinnar Lucy Jancus 56.16), medan Kari-Anne
Tryggestad Ryste vann klasse 50+ på tida 1.06.25.

Det er trangt om beinet på
løpsfronten, men det er å håpe det ikkje vert same «kollisjon» neste år. Det er
nemleg fort gjort å slå kvarandre i hel.