Skåla Opp: Sterkt av Per Inge og Svein

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2017

frå Mefjellet opp 2017
Over 1000 hadde meldt seg
på i konkurranseklassa dette året. At berre 152 kvinner og 527 menn kryssa mållina
– totalt 679 – har nok ulike årsaker, mellom anna vêret. Mellom dei som ikkje
starta finn vi i arrangøren sine lister namn som Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven
SK, Knut Orre og Monica Breivik Orre, begge Velledalen IL.

Slik gjorde dei det nokre av dei som var der:

M 23-34 år:

Klassa hadde 194 påmelde.
Av dei 133 som kom til mål enda Henning Tandstad som nummer 96 på fine 2.05.16.
Klassevinnar (og løpsvinnar) vart Stian Angermund-Vik, Varegg IL, på knalltida
1.10.10. Vi nemner at Andreas Skylstad, Norangsdal IL, noterte 1.22.56. Nummer
tolv i klassa og nest beste sunnmøring.

M 45-49 år:

Her hadde 97 utøvarar
meldt seg på. 65 fullførte med Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, på ein
framifrå 8.plass på tida 1.37.00. Klassevinnar vart Jonathan Wyatt frå New
Zealand på 1.15.50. Vi veit ikkje, men reknar med dette er noko av det
skarpaste Per Inge har gjort som motbakkeløpar!

M 50-54 år:

Tidlegare landslagsløpar i
langrenn, Kristen Skjeldal, Bulken IL, klassevinnar på 1.21.31. Men merk at
voldingen Bjørn Ole Vassbotn vart nummer to på 1.22.50, ei tid som gjorde han
til beste sunnmøring. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, på ein sterk 17.plass
på 1.49.18, medan Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, vart nummer 46 på 2.10.14.
Fin fjør i hatten for Svein som slo den tidlegare storløparen Anita Håkenstad
Evertsen med to sekund. Klasse M 50-54 år hadde 89 påmelde, 68 nådde mållina.

Andre:

Sterk 6.plass til Knut
Anders Hatlen , Stranda IL, på 1.27.19 i klasse 35-39 år. Brillefin 7. plass
til Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, i klasse 50-54 år og flott
innsats av Jan Even Sandal Sykkylven IL i klasse 40-44 år. Tida 1.46.55 heldt
til 30.plass i ei klasse med 113 påmelde – 75 fullførte.