Saudehornet rett opp 5.august

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2017

arkivfoto
Motbakkeløpa kjem no tett
som hagl – faktisk kvar einaste helg om ein vil reise litt. Saudehornet rett
opp i Ørsta er 5,5 km og stig kring 1300 høgdemeter. Med andre ord ganske
bratt. Og vesentleg brattare enn Mefjellet opp som nyleg vart arrangert (1100 høgdemeter
på 7 km).

Torsdag klokka 20.30 stod
55 deltakarar på startlista til Saudehornet (talet vil nok stige). Mellom desse
berre ein sykkylving, nemleg Ole Martin Korsnes. FKS-spelaren har tydelegvis
fått smaken på motbakkeløp.

Vi meiner Ole Martin skal
ha 1 time og 15 minutt som mål. Greier han det i debuten – eller der om kring -
skal han vere nøgd. Kjell Magnar Berli (no skadd) har sykkylvsrekorden på
59.42, sett i 2016.

Resultat frå Saudehornet
rett opp vil kome på VIL-Nett.